Meny Lukk

Sjølv om folk er flinkare til å gjenbruke ting enn tidlegare, lever me framleis i ei verd som i for stor grad er prega av bruk og kast tankegangen. Dette ynskjer me å vere med på å snu. Har du gode møblar som er godt brukt og ber preg av det. Fortvil ikkje. Me kan redde mykje. Enten der er gamle klenodium som treng restaurering eller det er nyare møblar som har vore godt brukte, kan dei bli “gode som nye” om dei er av god kvalitet. Ta kontakt på tlf nr +47 47600036 eller bruk kontaktskjema her, så kan me sjå kva som kan gjerast med det du ynskjer å restaurere.

Her er nokre døme på møblar og andre ting som er restauret.

Restaurering av skap

Dette skapet er truleg fra 1930-tallet. Skapet var skada i overflatebehandlinga, ein del lause deler. Nokre delar mangla og måtte produserast på nytt.

Restaurering av pipe

Vi rådar ingen til å røyke. I dette tilfellet hadde eigaren berre "handa". Munnstykke og mellomstykke var borte. Vi laga nytt munnstykke av spesialbestilt tre, og nytt mellomstykke av ask. Messingingringar i overgangane vart og laga her.